onsdag 21. mars 2012

FRU GARMIN

Me var til Haugesund i går att, Anne og eg. Der har Helse Fonna sin maktbase med kommandosentral, operasjonsrom og sjefsstab. Med i bilen hadde me Garmin-navigatoren vår. Ut or den kjem det ei myndig kvinnerøyst, så me kallar dama for fru Garmin.
   Me treng ikkje nett ha med apparaturet for å finne vegen til Haugesund. Men det er greitt å sjå kva tid me er framme, for det er dingsen flink til å opplyse om. Når me rullar i land i Skånevik, står det på skjermen at me er framme klokka då og då, og dette stemmer til vanleg godt.
   Derimot rotar fru Garmin ein del når ho skal dirigere oss. Då me trilla ned på ferjekaia på Utåker, ville ho ha oss til å svinge til høgre og om bord i ferja. For det første laut me svinge litt til venstre for å finne rett ferjefil, og dessutan var ferja framleis berre midtfjords. Det skulle ha teke seg ut om me hadde lystra.
   På heimvegen begynte ho å geberde seg då me passerte krysset mot Utbjoa. Ho ville absolutt ha oss til å køyre dit og ta ferja til Sydnes. Det kunne me ha gjort, men då hadde me måtta vente halvannan time på kaia. Då me passerte krysset, vart ho heilt ifrå seg og ville ha oss til å snu. Me var nesten komne til Ølen før ho roa seg og foreslo at me likså godt kunne køyre til Skånevik.
   For snart to år sidan tok me fru Garmin med på langtur i Europa, og det må seiast at ho gjorde ofte ein bra jobb. Men det hende seg at ho svikta. Som då me nærma oss Dresden, og det var anleggsarbeid og Umleitung på motorvegen. Truleg oversåg me eit skilt, og me hamna ute på småvegar på landsbygda i det som før heitte DDR. Det er rein overtru at alle vegar i Tyskland er så flotte. Fru Garmin kava og ville ha oss tilbake på den stengde Autobahn. Me gjorde fleire forsøk på å køyre litt på måfå i von om å finne eit skilt som kunne gje oss hjelp. Fru Garmin stod på sitt. Til slutt laut det store Tyskland-kartet fram, me sikta oss inn på ein småby eit stykke lenger framme, og då me kom dit, hadde fru Garmin teke til fornuft og foreslo ei fornuftig løysing fram til campingplassen utanfor Dresden.
   Dagen etter imponerte ho meg. Me var innom ein liten filleby på vår veg mot sør og vest etter den bedårande vakre Dresden. Her var det korte, tronge gater, men fru Garmin losa oss trygt igjennom, gate for gate, kryss for kryss. Der må ho ha vore før, tenkjer eg. Der var ho lommekjend.
   Men du skal høyre henne når me skal til det nye ferjestøet på Årsnes, og me passerer det gamle på Løfallstrand.

2 kommentarer:

  1. Høyres ut som fru Garmin har noko å lære av vår hr TomTom. Kanskje me bør setja opp eit stemnemøte for dei. Kva med å la dei treffast der aust møter vest, om dei finn fram dit då...

    SvarSlett
  2. Er han TomTom så mykje glupare, meiner du? Stemnemøte er av det gode. Spørst om du og eg får vere med då...

    SvarSlett